Før

Det er så mange som snakker om at alt var betre før. Om det ikkje var betre for 30 år sidan, så var det i alle fall betre for tre år sidan. Eg ser tilbake og ville ikkje vore forutan noko. Eg hadde det fint for sju år sidan, og eg har det fint no. Det ville vore trist som livet sto stille berre fordi ein har det bra. Eg trur livet har så mykje å by på, at ein heller ska sjå framover og tenke at "Det blir fint" i staden for å tenkje "Det var finare før."

I fjor sumar var det fint. Men det var ikkje betre då ein no. Kanskje på ein anna måte. Men samstundes ikkje. Uansett, det gjer meg glad å sjå på bilete av dagar der det såg ut som om sola aldri hadde stoppa å skinne, og graset var grønt og kjolen raud.



No skal eg tilbake til hausten. Til frosten, til dei brun-gule fargane og til skjerfet rundt halsen. Men det er fint det og. Det er det som trengs no. Og då skal eg ikkje tenkje tilbake, men sjå framover og nyte det eg har nett no.

God haust.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits