Älä peitä

I går var det feiring og hurrarop på Sinsen.

Kamilla blei 21 år.

Og ho fekk deilig kvit genser frå oss andre.

Årets julekort.

Ja, også kom det ein på besøk. Han kan å snakke norsk, engelsk, finks, gassisk og fransk.

Og Solveig baka pizza,

medan eg baka boller til dessert.

Utover desserten kom det ei frå Finland som heite Nathalie på besøk. Han gjesten vår som er så god på språk, sa at "Velkommen" på finsk er "Älä peitä." Så når Natalie kom på døra, stilte vi oss i døra og ropa Älä peitä! når ho entra gangen. Då flirte Natalie, og vi smila over å ha vist ho ein slik velkomst på sitt eige språk.

Etter nokre minutt fekk mannegjesten vår dårleg samvit, og han erkjente at han Älä peitä ikkje betyr Velkommen, men "må ikke tildekkes". Då gjekk det opp for meg kvifor den setninga verka så kjent, det er jo den advarselen som står på alle varmeomner.

Så joda. Vi ynskja ein fiske velkommen ved å rope "Må ikke tildekkes!" men det gjorde ingenting, for festen kunne fortsette.  Og vi åt bollar.

 

Er det noko vi kan no, så er det bursdagar. Og finsk.

4 kommentarer

ingeborg

23.09.2010 kl.10:35

jens jørun! du bor lagma solveig frafjor ja! sei hei fra me.

Kamilla

23.09.2010 kl.12:32

Loooove it, og tusen millioner takk for ein fantastisk bursdagskveld! <3

elisetheoline

23.09.2010 kl.12:53

Sååå koselig at Kamilla og du bor sammen! Artig å se dere i lag. FOR noen herlige damer!! Kommer innom og besøker dere i slutten av oktober ;)

Zelda

23.09.2010 kl.22:33

Tervetuola e faktisk velkommen på finsk, haha, i skjønte at han tulla me dåkkår :D

Skriv en ny kommentar

hits