Days

I går tok eg 1836 bilete på 12 timar som bryllaupsfotograf. Eg var så klar i hovudet til slutt at når eg såg på andlet til folk utan å sjå igjennom kameraet skvatt eg over at eg ikkje såg dei som igjennom 50 mm-objektivet til Canon.

 

I natt har eg sove hjå Monica, og våkna utkvilt.

Så åt vi fin sundagsfrukost.





Og eg har no dratt den raude kofferten min heim. Der skal den stå stille i fem timar før eg set meg på flyet til Oslo igjen i kveld.



No skal eg prøve å ikkje sukke over at eg er for mett etter å ha vore med mamma, bror og kamerater på Palermo kvar vi har ete middag. No skal eg forbrede meg til kveldens tale som eg skal ha på Sion. Tale og tale, eg skal vere kveldens gjest, og i kveld skal eg snakke om forbilder. På godt og ond. Mest på godt. Det finnes så mange fantastiske menneske der ute å bli inspirert av. Når det kjem til å hjelpe andre, snakke, diskutere, synge, spele, ta bilete, vere morosam, alt. Uansett kor mange gode forbilde det finnes der ute, er det det viktigste at vi er oss sjølv, og lever slik at andre kan bli inspirert til å vere seg sjølv på ein bedre måte. Vi har alle forbetringspotensiale. Eg foreksempel, har ikkje kjøpt sko sidan eg kom til Oslo. (Ok, 2 skopar då. Men dei MÅTTE eg ha.)

Nei, no er eg så mett at eg bør kvile i nokre minutt før eg skal til Sion. Og eg gler meg til å kome heim til Oslo igjen. I morgon er ein BIG DAY for meg, eg skal byrje i JK (jesusKvinner) Magasinet. Der skal eg jobbe som inspirator, grafisk designer, fotograf og journalist. Det skjer så mykje spanande i livet mitt for tida at eg rekk nesten ikkje å sove.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits