Words









Å.

Eg har alltid meint at eg ville gifte meg med Lars Saabye Christensen. Alltid.
Men i dag ombestemte eg meg. Han er kanskje ein kløppar med ord. Men han bruker stav. Og skjelv på handa.
Då hjelp ikkje poesi.

 

Eller, jo, poesi er noko som treff hjarte mitt. Ord som skaper. Som forblir. Lyrikk som sit i veggene og som ikkje forsvinn, som skriv seg opp på spegelen og på veggen, som blir med ein på bussen og på matbutikken og som er i deg sjølv når du er for seint ute til kortimen er noko som ein skal ta vare på. Setningar som ein kan mate seg med og som ein kan bære på.
Lars Saabye Christensen har kanskje mata meg med mange tanker og betrakninger. Og inspirert meg. Men eg er fri frå han no. Ordan hans trollbind meg ikkje på same måte som før. Kanskje eg har blitt meir vaksen. Eller kanskje han har krympa. Eg veit ikkje.
For tre år sidan endte eg opp med å sende yndlngsboka mi "Beatles" av Saabye inn i vedomnen for å gjere det klart for meg sjølv: Ord skal ikkje bli herre over meg. Då eg såg flammane som slukte alle sidene med velskriven penn, måtte eg bestemme meg for å la ord spele på lag med meg, og ikkje spele for meg.

Ord er viktig. Men ikkje så viktig at det skal bli altoppslukande. Eg bruker mange ord. Eg skriv mykje, eg snakker mykje. Men lat handlingane mine vere viktigast. Ord utan handling er dødt. Eit liv utan ord er med andre ord fullt leveleg.

 

"Jeg sprer fortellingens støv og lar den blomstrs i alles munn som buketter av den skjønneste løgn," skriv Saabye. I kveld under forelesninga snakka han om norske bøkers adapsjon til spelefilm. Det var interessant og eg blei litt klokare på den utfordringa som ligg hjå alle partar når ei tekst som skal bli ein 100 minutts film. Også fekk eg sjå Saabye. Med mine eigne auge. Med stokk og skjelven hand. Eg tørte ikkje å fortelle han at eg brente opp boka hans fordi den rett og slett blei for bra og oppslukande for meg. Men eg smila til han. Eg brukte kanskje ikkje ord. Men handling. Og når alt kjem til alt, så er det det det handlar om dette livet.

Action.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits