Vintage

Å. Secondhand.

Det luktar kanskje litt gammalt. Og det kan vere litt støvete. Og det kan vere 40 - 50 år gammalt.
Men så er det slik at det er skattar på sin måte. Og det er ikkje så mange andre som har slike. Fordi det er vintage.

Eg har funne den raude blazeren og prikketoppen min på Antikk butikk. Og den svarte skinnveska mi på Gjenbruk. Det beste er når det går til gode organisasjoner. Då vil eg gjerne betale meir. Det er jo så vene ting. Og ofte med utruleg kvalitet.

Old, dusty woman walking.







No skal eg på kor i den prikkete toppen min. Kor er fint. Vi syng lyse sangar, eg syng altstemme og Helena dirigerar. Også er det torsdag i dag. Torsdag er close to fredag. Og fredag er close to laurdag. Då kjem Mia, og vi skal ete mat. No skal eg ete middag.

Hm. Når ein prioriterer klede og ikkje mat, er det vaskeleg å velge kva ein skal ha til middag når ein eigentleg ikkje har penger til mat. Jaja. Slik er livet. Eg tenkjer slik: Ei skinnveske held i 100 år. Det gjer ikkje tomatsuppe.
(Problemet er at når ein ikkje et mat, hjelp det ikkje å halde på skinnveska då ein dør ganske tidleg av svolt.) Hm. Noko å tenkje på.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits