Breakfast at Sinsen

I natt sovna eg halv 4, og vakna av vekkerklokka. Eg har hatt vekkerklokka på kvar dag dei siste vekene, og skrekk og gru, eg har sove 12 timar til saman dei siste døgna, og eg skal til Finland i natt og utan svevn kjem eg til å slokne ein eller anna plass mellom flyplassen og hotellet. Eg burde legge meg ned og sove når eg har pakka kofferten ferdig.

Etter å dratt meg opp av senga, laga eg kakao, rundstykker og scones. Det er sundag, livet er godt og vi har Rebecca og Mia som gjester. Då må eg vise at eg har husmorskills.



I dag blir ein innhaldsrik dag med forhåpentligvis meir svevn enn dei seks timane eg fekk i natt, pakking, møte, besøk og fiksing. Eg er i alle fall god og mett etter frukost. Det hjelp.

2 kommentarer

Kine Emelie

03.10.2010 kl.11:37

nam! fine bilder ;)

KB

03.10.2010 kl.11:43

Åh, så koselig :-)

Skriv en ny kommentar

hits