Å NEI

sa eg høgt då eg opna posten eg fekk her om dagen.

Eg fekk ein lapp frå posten om at eg hadde gløymd å hente pakka mi. Pakka mi, tenkte eg? Eg har då ikkje bestilt noko pakke. Men spent var eg. Så eg gjekk for å finne denne pakka.

Fyrst måtte eg finne postkontoret. Posten på Økern, sa lappen, og eg var klar til å springe til trikken då eg fekk det forklart at eg ikkje bur så langt unna Økern. Så då gjekk eg dit da. Hesblesende spurte eg ei 40 år gammal Kiwidame med musefletter og ingen tenner om vegen til posten. Eg veit ikkje om det va det at ho mangla tenner, eller at ho åt og tygga slik at eg ikkje fekk med meg det ho sa. Dessutan var ho utanlands og snakka halvvegs norsk. Så eg måtte spørre ei ny dame. Ho var frå Kina. Kjære vene. Gje meg ein frening.

Til slutt kom eg meg til posten. Og det verste var at postdama var frening. Halvt i alle fall.

-Kjæm du frå frena du da? sa postdama.
Eg blei nesten satt ut. -Jaaa....
-I he slækt oppi der! Litt av nåkken bygdefeste!
-Ja... du, na pakkå mi... kass pakke e det?

Ho spring på bakrommet og dreg fram fullt av kataloger innrulla i plastikk. Eg ser rart på ho og på den store, tunge stabelen med kvite kataloger.
-Eh... ka det her e fer nåkkå?
-Pakkå di!

Eg visste ikkje kva eg skulle gjer. Eg hadde ikkje bestilt tonnevis med kvite kataloger, og eg hadde ikkje moglegheit til å dra dei med heim. Eg er ingen body builder. Så slår det meg: det kan jo vere Gud. Kanskje eg skal ha desse katalogane, kanskje dei skal hjelpe nokon, eg veit det berre ikkje.

Då dama ser det forvirra blikket mitt, byr ho seg å dobbelsjekke lappen min. Og det viste seg at ho hadde tatt feil. Katalogane var ikkje til meg. Eg blei på ein måte letta. Og på ein måte forsvann litt spenninga. Då ho kom med ei ny pakke, ei grå pappeske, skjøna eg kva som skjedde.

Dama i raudt ville fortsette å snakke om Fræna, korleis det var der og alle minna ho hadde frå plassen eg kjem ifrå, men eg var lite vennleg og reiv opp pappen for å få sanninga konstantert.

Å NEI, sa eg og opna pakka. Men pakka var ikkje frå Gud, men frå syster.



Syster veit at eg har HATA den orange t-skjorta med Ernie-bilete på som ho gav Karl i jula. Den er forferdeleg. Så, berre for å gjere ondt verre, kjøpte ho ei coockie monster skjorte til meg. Fint. No kan eg og sjå ut som ein idiot.

Men denne er blå. Nesten brukeleg.

(NEI, den blir ikkje med til Helsinki. Kan ikkje gje finnane mareritt.)

4 kommentarer

Zelda

03.10.2010 kl.15:18

HAHA! Da skjønna i sammenhengen med at du hadde på de blå ernie-skjorte på frokostbilda på forrige innlegg:) syns du fortsatt kler kjølige blå/turkistona asso!

Fillip J

03.10.2010 kl.16:09

I syns dn va kul i!

Benedicte - overkommelig.com

03.10.2010 kl.16:13

Den ser ikkje ut!

Miss Nerland

03.10.2010 kl.19:56

syns den var søt i:)

Skriv en ny kommentar

hits