Finland er herligt. I natt sprang vi til flybussen i regnet kl 03.30 og då vi gjekk av flyet kl 9 i

378117-1-1286183630796.jpg
Finland er herligt. I natt sprang vi til flybussen i regnet kl 03.30 og då vi gjekk av flyet kl 9 i finsk tid var vi så trøytt at vi nesten segna om, ingen av oss 5 som er på tur har sove noko særleg dei siste døgna. Nathan rekna ut at han har sove 7 timer på fire døgn, eg kan skryte på meg heile 12 timer. Vi møtte to venner av Nathan her i Helsinki og på veg til hotellet satt vi på med ein utruleg taxisjåfør som fortalte vitnesbyrdet sitt om sitt liv med Jesus når vi fortalte at vi var kristne. Det var så sterkt at den gamle mannen byrja å grine og fortelle om syn og opplevingar. Eg fekk be for han og signe han vidare i jobben sin som eit lys i kvardagen, berre å møte denne mannen har gjort turen til noko fantastisk. Å. Det finnes så mange herlege menneske i vera, og eg har ikkje møtt 0,001% av dei enno. No sit vi på ein restaurant som har gjett meg veras verste pizza, men stemninga er på topp. Finland var slettes ikkje ein dum idé om eg skal sei det sjølv.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits