Heading home

Eg har blitt ganske forvirra. eg har budd i Fræna i 19 år, men for litt sidan flytta eg til Oslo. Og no føler eg at Oslo er heime. Kall meg tilpasningsdyktig.
Så når eg er i Fræna (som i dag) og eg seier at eg skal heim til Oslo, så blir mamma sur. Men... eg bur jo ikkje heime i Fræna lengre. Kompliserte saker.

Eg føler meg velkjend på gardermoen no, eg har tatt ein del fly og pakka ein del koffertar i det siste. Neste gong er det Fræna sin tur til å besøke meg. Det blir fint i november.

 

Men no skal eg heim til Oslo. Eg måtte sitte på kofferten når eg skulle få den heimheim etter Finland, og denne helga har eg fått fleire ting å ha i han. Luksusproblem.







Safe flight.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits