Beauty of smiplicity



Det enklaste er ofte det beste, seier Rema 1000 og mediefaglærarar når dei skal lære elevar typografi og layout. No seier visstnok moten det også. Og enkelt kan vere fint det. Enkelt er enkelt. Enkelt og greit.

Men for meg er det ikkje like lett å kle meg med enkelt, bruke enkelt, gå i enkelt. Eg er meir avansert enn som så. Ikkje berre i tenking, men i kva eg liker.

Eg kjøpte meg svart bukse her om dagen i tru om at eg hadde gjort noko smart. Svart skal vissnok passe til alt. Right. Vel. Eg har ho på meg no slik at eg skal bli vand til å sjå meg sjølv i svart bukse. Kanskje det går.

Dersom ein droppar Rema 1000, mediefagslærarar og moten, og tenkjer i det store og heile på alt, alt vi har, altså livet, så veit eg ikkje heil om det enklaste er ofte det beste. Eg nøyer meg ikkje med det enklaste i livet. Nokon vel yrke med tanke på kva som er enklast. Nokon vel å busetje seg ein plass ein ikkje liker fordi det er enklast. Nokon droppar sosiallivet fordi dei synes det er enklare å vere for seg sjølve. Vi blir så proppa full av tips og råd til korleis maximere livet vårt til det enklare, det meir funksjonære og praktiske, at vi prøver å ta snarveger som vi heller kanskje skulle ha opplevd - ikkje fordi dei kanskje er så enkle, men dei kan vere nyttige eller fine opplevingar.  Eller kanskje vi rett og slett skulle ha vore der, utanfor komfort sona, og ikkje på den andre "enklare" staden.

Det er lett å ville gjere ting enkelt for ein sjølv og dei rundt ein. Eg merker det godt på meg sjølv, eg tenkjer at eg må vere og gjere slik som gjer det enklast for meg og mine. Men i all denne enkelheita gløymer ein lett kva som blir best. Enkelt og best høyrer nødvendig vis ikkje i hop. Eg må gjere det beste. Og kanskje, men ikkje nødvendigvis det enklaste. Eg nekter å vere ei som hoppar av karusellen når den går for fort fordi eg synes det er enklare å sjå på. Eg vil gjere det rette, og ikkje følge bøkene som fortel meg korleis eg skal få mest mogleg ut av ting ved å gjere det på den lettvinte måten. Eg vil sjå. Og erfare. Livet er ein prosess, lat oss oppleva han.

Og om eg så må oppleve opp- og nedturar i svart bukse fordi eg nekter å gå den enklaste vegen på livets område, så får det vere slik. Eg skal byrje å like svarte bukser.

Det er ikkje enkelt. Men kanskje det beste.

2 kommentarer

Astrid Elisabeth

16.10.2010 kl.10:20

Fin refleksjon! Godt å lese en lørdagsmorgen før man skal på jobb og slave i seks timer... :)

Ida

19.10.2010 kl.14:20

Nydelig pelskrage! Og fint skrevet, som alltid:) <3

Skriv en ny kommentar

hits