Over ein kopp te

Vi har boller på bordet og ignorerer dei heilt, vi har jo te, vi drikk te og snakkar om gutar og livet og slemme jenter og gode menneske. Vi lar praten gå over på verdensproblem vi kunne ha løyst dersom vi berre hadde hatt kontrollen, kva vi skal gjere neste sommer, pengane våre som ikkje held lengre enn ein tur på eit kjøpesenter, duftoljane som enten luker godt eller ondt, venene som vi har så nært i hjarte men som er så langt vekke,  slitte nagler og utsolgte klesplagg som vi har drøyma om sedan dei kom i butikken, men vi tok oss ikkje råa, og når vi fekk råa, etter å ha levd på havregraut ein månad, er klesplagget utsolgt, og vi må byrje å draume på nytt.

Draume på nytt, ja. Det har eg måtte byrja å gjere i det siste. Tenkje nye tanker, bruke nye ord, draume annarleis. Tidane forandrer seg, og det må eg og. Til det betre. Og eg jobber med saken.

Då er det godt å ha ei god venninne, all verdas tid og fem tekoppar.

 





Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits