Eg skal stå




When the world has fallen out from under me
I'll be found in you, still standing
when the sky rolls up and mountains fall on their knees
when time and space are through
I'll be found in you

-Brook Fraser - shadowfeet

 

 

Det skjer så mykje i dette livet. Å, ein veit ikkje kvar ein skal byrje. Eg kunne ha ramsa opp listevis av velsignelser, spørsmål, svar, usvarte spørsmål og spenning. Framtid, fortid, notid. Eg har slik smaken på livet. Eg er så takksam for å leve. For å vere. Oppleve.
Men det er ikkje alltid at dagane går vår veg. Eller, det er sjeldent eg har ein dårleg dag. Det vil eg eigentleg sei ikkje skjer. Det er alltid noko vent og fint og positivt og fantastisk som skjer på ein dag. Tunge minutt, opplever eg kan eg seie. Men det ordner seg. Eg har all hjelp eg treng i Gud og vener. Og eg er trygg.

Eg skal stå. Tross i rare og utfordrande minutt, så skal eg ikkje rokkast.
Det er eit sterkt løfte, det.

 

 

No skal eg på skulen og bli inspirert av to frå Sør-Afrika som driv barnearbeid for fleire tusen born i sitt område, og har baser med arbeidet sitt i fleire land. Eg skal intervjue dei til JK og vere på forelesninger med dei. Og etterpå skal eg møte Kris og vi skal henge. Det blir fint. Også har objektivet mitt komen i posten. Å, hadde eg berre tid til å hente det.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits