Shackles

I dag er ein sånn dag det regner



Men eg danser lell



Også står eg stødig.



Det gjekk ein mann forbi når eg tok dette bilete. Så eg smilte til han. Men slapp av da, du vart ikkje med på biletet, skulle eg til å seie. Men da hadde han sprunge sin veg.

 

Også gløymde eg at eg hadde lagt støvlane mine under senga. (Eg fann dei når eg rydda etter skulen. Jada mamma, eg rydder faktisk no og då.)
Så då blei det støvlar nr 2 på føtene.



Eg hadde nesten gløymd kor mykje eg har sakna regnet. Det har vore så kaldt og snøete i Oslo dei siste vekene, at når regnet kom med plussgrader, sa eg: Velkommen skal du vere, regn.

Det regner framleis. Og eg er framleis glad. Vi hadde undervisning om Glede i dag. Å, det var ei glede det. Eg har alltid likt å vere glad. Og etter undervisninga i dag tenkte eg berre: eg skal vere endå gladare frå i dag av. Det var sikkert difor eg dansa på muren i dag utan å bry meg om han springemannen.

Vi har så mykje å vere glade for. Og den energien eg har, vil eg helst bruke på å smile og ikkje å grine. Eller å vere sint, då. Så eg er glad. Glad glad glad. Tenk å berre leve.

Det lages spaghetti og heimlaga kjøttsaus på Sinsen no, og eg og Solveig danser til Shackles og takker Gud for å vere til.

Regn og glede kan eksistere samstundes. Tenk for ei glede.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits