Mann søkes

til min sambuar.

 

Helena meiner eg burde bruke denne sida til nyttige ting. Som kontaktannonse og slik. Så. Her får du det som du vil, Helena.

Helna er ei snill jente som knyter sine eigne sko, baker boller og får mjøl i andlete og som treng ein mann som kan tørke vekk mjølet, sette ho ned i ein stol og joine ho under ein kaffekopp så ho kan tale om gospel og venninner og kor og sosionomutdanninga si. Ho treng ein som kan ta på sine eigne sokker og som skryt av maten hennar, som er godt over middels på å gje klemmar og som ikkje slurpar når han drikk.

Finnes han, så burde han kome til Sinsen. Boller står på bordet.

This is a big fish.

2 kommentarer

Britt

27.10.2010 kl.22:01

Håpe ho finn se en som passer no da. Trudde du var på jakt igjen no

May Britt

28.10.2010 kl.16:24

Lykke til=)

Skriv en ny kommentar

hits