Onsdag kveld på Nydalen - Torsdag kveld fra Sinsen

No kjem ho Ingeborg snart.

Og eg har sjølvsagd baka brownies.


Eg og Ingeborg liker å drikke te

Også talar vi om guter og Knut. Knut er forloveden til Ingeborg. Og apropos Knut: Eg og Media Knut (Ikkje Ingeborg sin Knut, med andre ord) var på Torsdag kveld fra Nydalen i går. Vi sat i over to timer og klappa og klappa og klappa og såg korleis det eigentleg blir laga dette programmet. Spøkane som må spelast om igjen, og vi må klappe om igjen, publikum som blir oppvarma til å hyle og klappe kraftig og gje ein god TV-oppleving, gratis brus før opptak. Det resulterte slik at eg måtte slik på do at det var like før eg sprang ut ifrå studio forbi skodespelarane midt under innspeling slik at eg og kunne ha blitt kjendis.

Etter all klappinga og fliringa laga eg og Knut middag.



Knut har fått seg ein slik iPhone, og prøver å selge sin iPhone 3 til meg. Men han er for stiv i prisen. Dersom nokon vil selge meg ein iPhone 3 til studentpris, sånn... ja, skal vi seie 79 kr, så kontakt meg.

Plutseleg tok han ut handa og eg trudde eg skulle få iPhonen hans!

Men så var det berre at han ville ha kameraet for å ta bilete av meg. Sjølvsagd da eg då, nesten like fint som ein iPhone 4, det.

Autch, raudstikk, sa Knut. Eg smila lell.

Då fekk Solveig ta bilete.

Også åt vi maten.

Og medan vi mira tilbake til vidaregåande, konkluderte eg med at Knut treng ei som konkurrere med han i å vere best i alt mediarelatert, i alt frå foto til typograf slik at han alltid pushar på. Knut har eit konkurranseinstinkt utan like, og det gjer han god. Eg derimot, treng ingen konkurranseperson. Eg treng ein som kan gje (låne) meg 10 000 kr til Paristuren i slutten av november.

Alle forslag mottakast med takk.

 

No venter torsdag kveld frå Sinsen.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits