Spansk&Sofa

I dag har vore ein ny dag med JK-jobbing. Og når eg sat på banen på veg heim og las som ein hest den andre boka som skal vere ferdiglest og ferdig bokrapportert om nokre dager, var det like før eg sovna. Men eg kan ikkje sove i dag. I alle fall ikkje før i 00-tida. Eg får nemleg besøk frå Madrid.

Dea, mi kjære venninne oppi nord, hadde ei på skulen frå Madrid som trengte ein soveplass i Oslo i natt. Og eg har jo ein blå sofa og reint sengetøy. Så då kjem ei viss Kate til meg i kveld etter ho har funne fram til Sinsen-bussen på Gardermoen. Også skal ho få kvitlauksbraud. Håper spanjolar et kvitlauksbraud.

 

Då Ingeborg var på besøk hjå meg forrige veke, slapp ho sofaen. Men ho synes det var fint å sitte i han. Sofaen er så djup at ho ikkje rakk nedi med føtene. Då flira Ingeborg.

Også drakk me sjølvsagt te og åt brownies og tala om alt her i verda. Alt er som før. Berre at eg er her, og ho er der.









No fer eg gjere litt klart til Spania kjem. Ho må ikkje tru at nordmenn er så støvete som eg er.

3 kommentarer

Eli Joy

09.11.2010 kl.20:54

Koselig :)

maria

10.11.2010 kl.11:55

digga bloggen din! e smila og ler hver gang! du e en god formidler! :D

ingeborg

11.11.2010 kl.23:53

hihi. soffan e djup (?) som samtalen.

Skriv en ny kommentar

hits