Wednesday

I dag har eg hatt den roligaste og tregaste onsdagen på lenge. Og det har vore godt.

 

Etter skulen sprang eg til Oslo City for å gjere nokre ærend, eg har kanskje ikkje penger, men det er lov å sjå. Vel, eg følte eg gjekk og såg i ei eve. Så til slutt handla eg mat (det kan eg ta med råa til) og gjekk til banen. Til mi store undring hadde det berre gått EIN time etter eg var ferdig på skulen. Kanskje eg har blitt liten igjen. Når ein er liten går alt så treigt.

 

Vel. Så når eg kom heim vaska eg Sinsen. På ei veke er det ufatteleg kor mykje støv 4 jenter greier å produsere. Apropos jenter: ho spanjolen som overnatta her i natt, var ikkje spanjol, men amerikansk. Men ho var like triveleg lell. Då eg sprang til busstoppen for å vente på bussen ho skulle kome med, gjekk eg bort til busstabellen. Då måtte ei jente flytte litt på sakene sine også sa ho: "oh, sorry." Då gjekk det opp for meg at det var ho derre Kate. Så då leda eg ho heim, stappa i ho mat også fekk ho sove i nokre timer før flyet gjekk. No er eg invitert til Colerado for å besøke ho.

 

Å. Så no sit eg i ei rein stove etter å ha vaska kjøkken og stove for veka. Også er eg stappa med sjokoladeboller eg baka då eg kom heim. Også baka eg grovbraud før eg tok bollane. Dessutan har eg drukke iste og nettopp blitt ferdig med ein enorm kopp kakao. Kjære vene. Dette har vore ein retreatdag. Og det trengte eg. Eg stemmer for fleire slike onsdagar.

No skal eg fortsette å kose meg med snøen og tøflane mine. Og dersom magen tillet det, skal eg ete fleire boller. Onsdagen vil vise.

Én kommentar

Amanda og oda

10.11.2010 kl.20:00

hei, ELSKET bloggen din! :D

ville du vert en ENGEL og trykket på navnet våres og stemt på oss? <3 <3

det betyr KJEMPEMYE for oss, og vi hadde blitt SUPERGLADE! <3

Skriv en ny kommentar

hits