Overkommelig.

Eg undres om vi kan

forandre litt
og seie at det er greitt

kanskje ikkje gå tilbake
ikkje så dratisk

men justere. Vi er ikkje så drastiske av oss.

Kanskje vi kan endre litt,
vere villeg til å snu oss litt

men ikkje heilt
vi har ikkje kompass


Eg trur vi kjem oss ut
du og eg, du og du, eg og du.


Eg og eg.

 

Ein dag skal eg gje ut ei lita bok. Ei bitte lita bok med tekster og bilete og eg skal skrive på mitt språk, men mine tanker, min poesi. Nokon gonger skriv eg ting, også ser eg ikkje at det betyr noko før 3 år etter. Nokon ting betyr aldri noko. Og noko betyr mykje. Eg har eit eksponeringsbehov. Og eg liker inspirasjonsbøker, små bøker, overkommelige bøker med bilete og småtekster. Det skal eg gjere. Sanneleg. Eg skal bli forfattar av eiga bok. Også skal eg selge boka, stå på eit gatehjørne og selge boka mi, nett som Saabye gjorde då han hadde trykt si fyrste diktbok, men den solgte han for 1,5 kr, eg skal selge mi for 150 pr stk og med pengane eg tjener skal eg støtte skriveglade born og gje meg sjølv ein ny Mac. Også skal eg leve og oppleve i dei forskjellege byane her i verda, eg og boka mi skal på turne, vi skal publiserast og det skal vere plakatar, "korleis byrja det?" skal folk spørre, og eg seier at det eg skriv er overkommelig, og det byrja med internett, det byrja med setningar og bilete som poppar opp i hovudet mitt og som eg må eksponere på ein eller anna måte, og då skriv eg. Og då tek eg bilete. Og då publiserer eg.

 

Kjære Gud. Gjer med meg som du vil. Eg har i alle fall ikkje råa til å trykke opp bøker.

Én kommentar

Solveig

14.11.2010 kl.19:46

Eg likar diktet :)

Skriv en ny kommentar

hits