Gratulere på førehand

Fyrst: Takk mamma for at du minte meg på at det er farsdag i morgon.

Så: Gratulere med farsdagen, pappa.

Og når eg fyrst er så godt i gang, kan eg gratulere Alexander òg, som er til venstre på bilete. Han er vel som ein pappa nr. 2 for meg. Han er ein veldig god ukrainsk venn av familien som eg har kjent sia eg var 10 år, og han er eit stort førebilete for meg. Eg kan vel seie at desse to menna er dei to store i livet mitt. Blir nesten sentimental her.

 

Mamma sa eg kunne sende ein e-post, eller skrive eit innlegg kvar eg gratulerte han far, så ho kunne printe det ut og levere det til han og ha høgtlesing. Men ho måtte ha det FØR søndag, sa ho. Så då får ho det i dag. Ho veit at eg ikkje er så voldsom flink til å huske å poste alt eg burde posten, i dette tilfelle eit farsdagskort. Så då blir det over nett.

Pappa er ein sånn alt mogleg mann, eg har aldri møtt ein som har meir å gjer enn pappa. Kanskje det ligg i genene at eg og er ganske opptatt, eg vil alltid ha noko å gjere. Pappa er ein slik mann. Han gjer alt, driv fleire transportselskap og har ingen utdannelse. Berre fram til no har eg 3 år meir utdanning enn han nokon gong har hatt. Men han har kome seg langt. Då får eg folde henda og håpe at eg kjem meg nesten like lang. Kanskje. Pappa har ansvar over alt, kjenner alle (seier eg etternavnet mitt spør dei fleste om eg er i slekt med han Jan Tore. Til og med i Oslo veit dei om han) og dessutan får pappa til alt. Nesten. Han lova oss Legoland då eg var 8. No er eg snart 20 år og eg har framleis ikkje vore i Legoland. Men tru meg: eg har ikkje gått glipp av noko. (Var ikkje det snillt pappa, at eg ikkje er harm for å ikkje ha vore i Danmark på fornøyelsespark? Kanskje det har noko med at eg missliker fornøyelsesparker like mykje som han far.)

Foruten dette, gjer han det han seier. Når eg skulle på leirskule i 9.klasse, sa han at han skulle lakke skia mine rosa. Og det gjorde han. Kjære vene. Det er kanskje ikkje alltid like lurt å halde ting ein har lova. No tør eg ikkje å gå på ski lengre.

Vel, det er mykje eg kunne sagt om pappa. Som at han alltid går med ullundertøy, han har hatt same sveis i 48 år, og eg har sett han i shorts 2 gonger i heile mitt liv, og eg har sett han bada i sjøen 3 gonger. Han påstår han er skapt ferdiglaga, så han bruker aldri t-skjorte om sumaren rett og slett fordi han ikkje treng å bli brun. Det kan han heller ikkje bli. Det ligg i genane detta. Pappa er kvit, eg er kvit. Eg på mi side, synes IKKJE eg er ferdiglaga. Eg blir ikkje brun i singlet ein gong. Det hadde sikkert ikkje pappa blitt heller, dog.

Jaja, gratulere med dagen, pappa. Håper du får ein fin og nydeleg dag, og at mamma forer deg med kake.

 

Frå di Benedicte.

 

(Mamma: For å skrive ut dette innlegget kan du markere teksta, høgreklikke, trykk: kopier, gå inn på Word, høgreklikke, trykk lim inn. Gå opp på venstre side øverst i Word og trykk: skriv ut.)

Haha. Jadda. Eg veit du kan det. Men det er betre at eg seier det no enn at du ringer meg i full frustrasjon over å ikkje få skreve det ut. At du kan data, seier du? Vel, du om det.
Glad i deg.

2 kommentarer

.:*:. Miss Nerland .:*:.

13.11.2010 kl.08:57

Vel vi blir ikke brun på tverfjell siden heller da:p

hilsen bleik fregne fjes som heller aldri blir brun anna enn når jeg er solbrent:p

Maja

13.11.2010 kl.20:47

Såååååå koselig innlegg Benedicte! Åååå!

Skriv en ny kommentar

hits