Let me see

Sjå for deg å vakne kl. 13.04 ein søndags morgon, og ein aner fred og inga fare. Når ein kjem til spegelen på badet, må ein halde seg hard til vasken for å ikkje dette i bakken av synet som møter ein. Augo mine er forsvunne i hevelse rundt ago som eg har fått over natta, og eg ser ut som ein Avatar. Great. Då må eg vere inne i dag, då.

Så no googler eg. Hevelse rundt auge, betennelse i sår ved auge, behandling osv. Men eg finn ingenting. Så då tok sjukesyster Helena og rensa såret eg har litt over nasen som kan vere rota til alt ond: det kan jo vere betennelse der som har årsaken til detta. Men etter å ha lest litt på nettet kan det hende eg har sove for mykje òg då eg endeleg har sove ut etter ei hektisk veke. Det er kanskje litt av alt. Ikkje veit eg. Men eg veit at eg skal sjå normal ut igjen. Pappa seier at det skal vere vekke innan onsdag. Og då SKAL det vere det.

 

Til ære for augo mine, minnes eg no korleis dei eigentleg ser ut. Eg blar igjennom bilete på bilete, og irriterer meg over å ikkje kunne gå ut av huset. Mamma foreslo at eg kunne bruke solbriller. I november.
VEL. På onsdag skal eg sjå ut som folk igjen. I Jesu navn.


Én kommentar

.:*:. Miss Nerland .:*:.

14.11.2010 kl.17:14

slikt fikk jeg å en dag etter å sovet ute i lavo. Men hos meg forsvant det etter noen timer

Skriv en ny kommentar

hits