Thursday leads to

å gjere mykje.


I dag har eg gjort mykje. No har en sunke ned i senga, klar for å ta ein rolig kveld.

Dagen har gått i eitt frå å springe til t-banen, ete frukost på trikken, gå Oslo rundt med Heidi og ete fantastiske pannekaker hjå Crêpes de Mari i torggata med banan, krem og bringebær, sprunge til trikken, gått i 15 min frå iskalde Majorstua til diakonhjemmet for å vere på sangøvelse, hutre seg tilbake til t-banen saman med Margit, sette seg ned på banen og puste ut.

Når banen stoppa på Jernbanetoget, kom eg til å tenkje på at lua til Margit ligna på ei på Bik Bok. Og då kom eg på at eg hadde sett at heile Bik Bok var på 50 % i dag. Dørene på banen opner seg.

-Fin hue. Det e 50 % på heile Bik Bok i dag.

Margit ser på meg. Vi snur oss og ser på den opne døra. Vi ser på kvarandre. Før vi veit order av det, hoppar vi ut av banen, og vi kjem oss akkurat ut når dørene slår igjen. Så flirer vi. Og går på Bik Bok. Saman med resten av jentene i Oslo.

 

Der blei vi ståande i 60 min i kø, og då vi gjekk ut, ein topp rikare, var hovudet så fullt av hyl og østrogen at vi gjekk mot banen, og måtte springe då vi såg han kom snart, og når vi hoppa på, var vi klare til å dra heim. Heim til mat, senga, klesskapet, rotet, varme.

Så no ligg eg i senga.

 

Eller, varme og varme. Det er så kaldt på soverommet mitt at eg veit ikkje kvar eg skal gjere av meg. Hadde nokon fortalt meg at Oslo er så kaldt i NOVEMBER; hadde eg pakka med meg praktiske klede når eg flytta. Ser ut som om eg må kjøpe nokre nye gensrar, gitt.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits