Måndag formiddag

Nett no kunne eg

-ete kebab på Bislett
-snakke med Monica i telefonen i 3 timer
-Kjøpt laks
-Reist til Russland
-Lært meg fransk
-Gått på tekurs
-Dansa ballett
-Snakka om gutar
-Tatt trikken frå Olav Schaus plass til Rikshospitalet
-Skreve postkort til framande
-Hoppa på dei kvite strekene på ganoverfeltet
-Lært meg Til Elise igjen utan å spele feil
-Gått på ein brillebutikk og prøvd alle brillene frå høre til venstre

-eller så gjer eg det eg gjer no. Sitte ved dataen i skjørt og med raude negler, svare på telefonar frå mamma om kvifor eg har skreve så lite i det siste så ho lurer på om eg har det bra, og eg har det så bra, eg har det som plomma i egget, fuglen på himmelen, rosina i pølsa, Armstrong på månen og Bjørgen på 1. pallen.

Men eg gjer så mykje.  Livet er for kort til å lære notar og skrive alt ein opplever på ei nettstad. Så veit du det, mor.

3 kommentarer

Maja

22.11.2010 kl.20:28

Selv om livet et for kort til slik, så tar jeg meg tid hver dag til å lese hva du har på hjertet :)

Benedicte - overkommelig.com

23.11.2010 kl.07:27

Det varmar:)

Zelda

24.11.2010 kl.21:43

i he tre tima te rådighet i mårgo!!! bere ring:) hehe. vest ikje må i booke de inn på skjemaet i neste veke. (men om du ikje he tre tima går dt au ganske fint altso)

Skriv en ny kommentar

hits