Pakke Paris Preke

Om nokre timer set eg meg på bussen til Rygge flyplass, og skal oppleve ei interessant natt der før flyet går til Paris i sånn... 7-tida. Eg hugser ikkje heilt når flyet går. Malen tek av seg papira.

 

Etter å ha vandra rundt i morges for å finne klede å ha på kroppen, gjekk det opp for meg at eg har ikkje pakka til Paris. Eg har heller ikkje planlagt kva eg skal ha med til Paris. Vi skal handle litt der, så då treng eg ikkje noko særleg med klede. Dessutan har vi ikkje moglegheit til å ta med noko særleg heller, vi skal dele ein koffert som ikkje kan overskride 15 kg, og vi tek med oss 17 biblar på fransk og 3 biblar på arabisk eller kva det no var, så vi kan gjere litt nytte for oss i storbyen òg. Vi kunne godt reist til Paris og berre shoppa, vore på cafear og lata som vi var fransk, men vi vil gjerne gjere noko meir. Så etter å ha snakka med nokre folk, fikk vi tak i biblar vi kan gje til folk og som kan lede til fine samtalar ute på gata, og no er kofferten eigentleg full. Det vil seie at vi må kvitte oss med alle biblane før vi kjem heim til Noreg igjen. Og det er bra. Då betyr det at vi berre MÅ få gjett dei til franskmenn og araberar. Ei lita hempe er at dei ikkje er så god i engelsk, har eg høyrd. Visst ikkje kan vi berre stappe ein bibel i handa deira, klappe dei på skuldra og seie "READ." Haha. Paris kjem til å misslike oss.

Nei, no må eg pakke. Eg og disiplin altså. Tenk, om 24 timer har eg alt vore i Paris i fleire timer. Og kanskje fått gjett ut nokre bibler og fått større plass i kofferten til diverse franske saker. Gud veit.



Én kommentar

.:*:. Miss Nerland .:*:.

25.11.2010 kl.22:14

lykke til med paris turen:)

Skriv en ny kommentar

hits