Livet er berre fantastisk. Ein veit aldri kva det bringer. I kveld var vi så irritert på hotelverten

378117-1-1290984270992.jpg
Livet er berre fantastisk. Ein veit aldri kva det bringer. I kveld var vi så irritert på hotelverten vår som ikkje kunne engelsk og som ikkje kunne hjelpe oss med å kome oss til flyplassen at vi slengde ein bibel på hoteldisken, velsigna ho og spankulerte ut. Etter 2 timer med buss og metro til busshaldeplassen, viste det seg at bussen til flyplassen ikkje går før kl 06 i morgon tidleg. Så då gjekk vi inn på eit stengt kjøpesenter for å springe på do, men doa var låst og vi ante ikkje kva vi skulle gjer. Plutseleg kjem det ein sikkerhetsvakt som spør oss korleis i all verda vi greide å kome oss inn på eit stengt kjøpesenter, og vi forklarte at vi ikkje visste kvar vi var eller opphalde oss. Han ba oss om å følge han, vi trudde han skulle sende oss ut på gata, men han tok oss med til ein liten ventehall som vi kan få sove på til bussen vår går i morgon tidleg. Wow. Som om ikkje det vær nok, kom han med te, låste opp toaletta til oss og viste oss korleis vi skulle låse oss ut igjen. Eg blir rørt eg. Det finnes engler. Vi møtte ein i Paris.

Én kommentar

rebecca heldal

29.11.2010 kl.00:29

Hei :) jeg vet dette her er irriterende for mange, men i et desperat rop om hjelp gjør jeg det alikevel. Jeg er med i finalen på en konkurranse som avsluttes mandag klokken 12, og jeg ligger bare noen får stemmer bak der jeg må ligge for så ha en sjanse. Kan du være så snill å trykke deg inn på linken å stemme? http://bloggover.chess.no/blogger/rebecca-heldal/

Om du syns det var teit av meg å spamme, så trenger du ikke å svare på det. JEG VET DET :) hehe. håper du hjelper.

Ha en fortsatt god helg!

Skriv en ny kommentar

hits