Jenter og Jul

I går stakk eg, Kamilla og Soveig på misjonssalen på julemesse. Eg trudde det va sal av tombola og julesaker, men det viste seg å vere ungdomsmøte med graut og julequiz etterpå. Og det var jo kjekt. Foruten at det var så kaldt å kome seg til Misjonssalen at vi vurderte å svindle ein stakkar taxisjåfør. Vi gjorde ikkje det. Vi er kristne jenter.





Dog sakna vi Helena. Men Helena måtte halde seg heime, ho drog til Brasil i morges og skal besøke vener der. Det betyr at vi er her heime på Sinsen i 15 minusgrader, og ho er i Brasil i 20 pluss.

Etterpå for vi til Tullins og åt mat. Men eg bestemte meg for å spare peng, og drakk heller vatn. Då middagen til dei andre jentene kom, fulgte det med braud, og då åt eg litt braud. Nett då gjekk det opp for meg: Eg er student og sit på restaurant og drikk vatn og et braud. Snakk om å synke lavt.

Eg ynskjer meg peng til jul. Eller ære.

Eller gåvekort på restaurant.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits