Sofa søkes

I dag sprang eg rundt. Igjen. Eg spring for alt. Sidan eg nesten aldri bruker bukser, men skjørt, må eg springe for å ikkje fryse på leggane når eg bruker akrylstrømpebukser. Eg har få ullstrømpebukser. Eg krymper dei berre.

 

No venter eg på tre ispinner som skal kome inn døra for å lage heimelaga pizza og drikke gløgg. Nathan kjem med venninna si, Helene eller Marthe eller Kamilla eller kva ho heite, også kjem systra til ho som eg ikkje kan namnet på. Det blir kosleg. Dog eg skulle vore på eit hus på landet nett no, med sofa og ullpledd og ullstrømpebukse og te i fleng. Ikkje det at eg vil ut av byen. Men det hadde vore fint å lukte noko anna enn eksos i nokre timer.

Sist Nathan var innom, var det svidde bakte poteter på menyen, og det var byebye for Romain som drog heim til Paris.







Også fann Annette ut at vi var voksne nok til å gje Kong Håkon til avsjedsgåve. Når ein gjer vekk konfekt i gåve er ein vaksen. Eller blomer. Men blomene kunne ikkje halde ut turen til Paris. Så då blei det konfekt. Ein smak av Noreg.

Også hadde Anette med ei eg ikkje kjenner, det kjem alltid folk på besøk til meg som eg ikkje kjenner, men det er alltid like kjekt, for da blei eg kjent med Anna. Anna er frå Sverige, Annette frå Bodø, Romain frå Paris, Nathan frå heile verda og eg frå Fræna. Snakk om å vere internasjonal.



No skal eg prøve å slenge saman ein pizzadeig før ispinnane kjem (det er -21 minusgrader no) og dei kjem med ingrediensane til fyllet. Etterpå blir det sofaen. I eksoslukta som eg prøver å døyve over med kongerøkelse.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits