Pizza&Gløgg

Eg er så heldig som har gode vener som tek med seg gode vener så blir vi gode vener.

I går laga eg, Helene (ho heite faktisk Helene, eg hugsa nesten at ho heite det), Heidi og Nathan heimlaga pizza, også snakka vi om gutar og jenter og kva som får eit forhold til å fungere og ikkje, og vi har alle erfaring og ikkje erfaring på området, så til slutt måtte vi setje ein strek og seie: no er det nok snakk om guter og jenter. Så då snakka vi om Frankrike og Oslo og skule og slik alle snakkar om. Guter og jenter og slik.







Og det med Nathan... vel, han fortjer eit eige innlegg. Eg har aldri møtt nokon som eg føler er storebroren min før, men Nathan er det. Han kaller meg lillesyster og når vi heng er det som å ha ein blanding av ein bestekamerat og ein storebror som eg kan ringe kl 02 på natta om eg ikkje vil gå aleine heim, som vil drikke te og snakke om kvifor norske kvinnfolk er så tungvindt og som vil lære meg vals for ein dag skal eg gifte meg. Nathan snakkar fransk og eg snakkar frensk, men saman fungerer det.


Utover kvelden fann eg ut at eg har aldri ete så mykje pizza før. Enten var eg veldig sulten, eller så har magesekken min utvida seg. Eg går for det fyrste. Nathan og Helen var mett òg etter all pizzaen. Og gløgg.


No i dag er eg ute i kulda. Skulen skal til Blindern og gjere gate/skuleevangelisering ute saman med eit Ny Generasjonsteam, sånn eg skjønte det. Vi har fått beskjed om å kle oss varmt. Hurra. 2 timer ute i -20 igjen. It´s just getting better and better...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits