30 tente bluss i 20 grader minus

30 bibelskulestudenter, 600 biblar , -20 grader, og tonnevis av pepperkaker og litervis av gløgg møtte opp på Blindern universistet i dag som har heile 30 000 studentar. På to timer fraus vi livet av oss, snakka med folk, delte ut biblar og blanda gløgg. Eg måtte støtt og stadig springe inn i skulekorridoren og varme føtene mine som holdt på å slokne. Men eg og føtene kom oss igjenom. Etter to timer var vi tomme for heile 630 biblar, gløgg og pepperkaker, vi hadde fått gode samtaler og kjent den norske vinteren på alvor.

 

Eg trudde eg hadde kledd meg godt nok, men turns out: tynn ullstrømpebukse under skinnsko er ikkje bra. Så på mine effektive korridorturer, drog eg av meg skoa og stilte meg på ullvottene. Det funka greitt. Men anbefales ikkje.



No er eg heime i varmen. Også må eg takke Eva for fint julebrev i posten. Det varma i heile kroppen. Føtene òg.

3 kommentarer

Laila Simonsen

09.12.2010 kl.15:43

Kjempe fin blogg :) Hadde blitt sykt Takknemlig med en kommentar tilbake :)<3

ingeborg

09.12.2010 kl.19:31

fløyelsbokse!

Benedicte - overkommelig.com

09.12.2010 kl.19:32

Jepp. Eg fann ut eg trengte stilongs i dag. Lenge sia eg har brukt bukse, gitt.

Skriv en ny kommentar

hits