30

I dag skal eg vere med på lovsangen på skulen, og må difor møte opp 30 minutter før. Og må difor stå opp 30 minutter før. Og må difor ta banen 30 minutter før. Og burde difor ha lagt meg 30 minutter før i går kveld.

I helga sa ei eg kjenner at ho trudde eg var 26 år. Og eg flirte og sa at eg berre var 20. -Jamen tenk så fantastisk å vere så ung, men kunne så mykje som ein eldre kan, og at follk tenkjer på deg som vaksen. Då har du endå fleire år på deg til å gjere alt, og du kan alltid ligge framfor.
Hm. 26 år. Det er fire år unna 30 år.

Ah. Den klokka. Den stemmer aldri. Eg ligg enten før eller etter.

 

Det å ligge etter skjema, fører til at eg aldri rekk å rydde det rommet mitt. Eller få system i kleda mine. Eller på tida.



Det einaste som ikkje er eit rot i livet mitt, er livet mitt. Då burde eg eigentleg ikkje klage.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits