Free to work

No har eg komen heim, slengt i meg hermetisk lapskaus og tent kongerøkelse etter ein lang dag på skulen med heftig undervisning om misjon, og tre timer på JesusKvinner kontoret med grafisk arbeid. Gleda var stor når eg tenkte på å kome meg heim og slappe av før ein viktig dag som kjem i morgon. Men da eg satt på bussen, kom eg på at det er frist i morgon å levere bokrapport. Å. Så må eg bruke kvelden på det



 

Eg har alltid sagt at dette året skal vere mitt "friår." Vel, eg har kanskje ingen andre lekser i løpet av året enn å lese 7 bøker og skrive 7 bokrapporter, men eg gjer så mykje og søv så lite at det er ingen friår. Kall det eit jobbår. Om ein ikkje jobber med praktisk arbeid, så jobber ein mykje med seg sjølv, den undervisninga og utfordringane ein får. Og etter skuletid er det alltid noko å gjere, uansett. Så dette er mitt jobbår. Og det kjem det vel til å bli neste år og.Takk og pris for at eg ikkje har eksamen på 1.året.

Eg tek eitt år av gongen. Også ser eg kvar eg blir leda. Det skal i alle fall bli noko stort av meg ein dag. Ei god mor, for eksempel. Også skal eg eige eit par Manolo Blahnik.

Eitt år om gongen, frøken.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits