Carola

I går skreiv eg bokrapport på 10 minutter, også kasta eg alt eg hadde i hendene, drog på meg fuskepelsen og sprang til bussen. Eg hadde vore detektiv og funne ut at Reidar hadde ein billett til overs på Carola Julekonsert om ein time. Og Reidar hadde ingen å gje billetten til, han. Så då stjal eg den.

Så var vi og det elendige mobiltelefonkameraet mitt på Carola julekonsert. Å. No kan jula berre kome.







Dette med å springe ut av døra med nøklene i handa, hinkende på isen samstundes som ein prøver å dra på seg skoa, og held seg for øyrene for at dei ikkje skal fryse til is då eg alltid gløymer lue, får meg til å tenkje på at i Oslo kan ein alt. Eg gjekk frå å vere uvitande og skrive bokrapport, til å vere på Carola julekonsert på 60 minutter. Det er det eg kaller byliv.

Å. La meg bli i Oslo.

2 kommentarer

Sylvia

15.12.2010 kl.12:36

Den var jeg å på, bare i Kristiansund :D Julestemning!

maria

15.12.2010 kl.21:53

digga livet ditt!

Skriv en ny kommentar

hits