Working woman

Eg som bestemte meg i haust for å ha litt jobbfri, har haldt ord til no. Eg har ikkje søkt nokon jobb, eg har ikkje leita og eg har ikkje engasjert meg for å få ein betalt jobb. Sidan deptember har eg vore aktivt med i JesusKvinner, og det kjem eg til å fortsette med då dette er ein del av skuleprogrammet mitt. Men nokon betalt jobb er det ikkje. Og det har merkast på pengboka. Eg rekna ut at eg måtte slå meg sjølv personleg konkurs om eg skulle fortsette å bruke peng og ikkje ha nokon arbeid. Eg hadde kanskje greidd meg til februar. Til naud til mars. Og eg har liksom ikkje visst kva eg ville gjere, kvar eg skulle vere og kven som hadde ledige stillinger, så eg ba til Gud og sa: Eg vil ikkje stresse med noko arbeid. Treng eg arbeid, så fikser du det.
Og det har han fiksa. Han såg vel at eg trente penger. Så no har eg fått arbeid. På sjølve draumeplassen. Og eg har ikkje gjort noko for å få han. Snakk om å få ting rett i hendene.

I november intervjua eg ei fantastisk grùnderdame til JK-Magasinet som har skapt butikkjeden Dorothea som er eit reint eventyr: klede, sko, interiør og dilldall. Det var utruleg å snakke med ho om korleis det heile starta, kva som skjer og visjonane dei no fire Dorotheabutikkene har. Under intervjuet såg ho på meg, og spurte om eg ikkje kunne tenkt meg å jobbe i Dorothea?
Ein blir jo mållaus av slik. Dette er ein arbeidsplass mange jenter berre kan draume om å få, og den er ettertrakta. Og her får eg tilbod om å jobbe utan å ha snakka noko om meg sjølv, men berre stilt ho spørsmål. Wow. Ein seier ikkje nei til slik. Også seier ein heller ikkje nei når butikksjefen ringer og vil ha eit intervju. Deretter seier ein ikkje nei når butikksjefen seier at du er no deira nye ekstrahjelp, og du kan byrje å jobbe med ein gong.

Så i går pakka eg ut, prisa, rydda, sprang eg rundt i sju timer og var Dorotheadame. Det er så mykje fint i den butikken at eg går berre og halvmåper. Det verste er at det er akkurat min stil. Eg er alt livredd for at alt eg tjener skal gå ut på klede og ting vi sel. Ei av damene på Dorothea såg på meg, og sa: -Du er morosamt kledd. Du er ei Dorothea, du.












No kjem livet mitt til å bestå av 530 kvm stappa av klede, klede, interiør, interør og draumer.
Og vegen dit kjem til å bestå av pendling på 45 minutter til Vinterbrosenteret.

 

Kva ein ikkje gjer for å gjere det ein liker best...

2 kommentarer

mlikes

16.12.2010 kl.17:08

Åh! Jeg er misunnelig.. Gratulerer så mye Benedicte! Dit vil jeg komme å se..! (Og kanskje kjøpe..)

Benedicte - overkommelig.com

16.12.2010 kl.22:14

Velkommen Velkommen Ida!

Skriv en ny kommentar

hits