StressLess

Etter ein travel, dog nydeleg dag er eg no på veg ut JesusHuset døra etter å ha jobba effektivt på JesusKvinner dei siste timane etter skulen. No skal eg møte Knut som dreg heim til Molde i kveld, han skal nyte jula og at han er ferdig med eksamen. Etterpå må eg heim og vaske hus til to amerikanerar som kjem på døra mi i morgon kveld og skal overnatte hjå meg då det ikkje var rom for dei i herberge. (Eller at dei ikkje ville sove på Gardermoen.)

 

Som om ikkje det er nok, har julekorta frå jentene på Sinsen blitt posta og komen fram i dei få postkassene vi rakk å sende dei til, eg har gløgg i skåpet som venter på meg når husvasken skal takast i natt og i morgon skal eg møte Mia i Lørenskog, BK og Dea på Gardermoen og to amerikanerar. Livet er fartsfyld. Og snart er det jul.



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits