Pakk meg inn.

Nokon gonger trur eg nesten at eg er super woman.

Ti minutter før eg skal vere på banen, står eg opp, og i all hui og hast og hyler over at eg ikkje visste at klokka var så mykje, dog rekk eg sminke, klede og luchpakking.

Og når eg spring på høge helar på holka bortover vegen på veg til banen kvart på 8, ler eg liksom mot vinden og den fæle kulda, tross ein brå start på dagen så får eg til det meste.

Etter endt skuledag vinka eg farvel til Sjømansskolen-bygninga for i år, i morgon skal det vere avslutningsdag på JesusHuset.


Det liker Signe-Marie og Malen. Signe-Marie bur på JesusHuset og slepp difor å gå ut i kulda i morgon tidleg. Nokon som har det.



Forigårs var Jan Thomas faktisk i skulekantina. Max Factor-reklame blir spelt inn i underetasjen av klasserommet mitt, Thomas gjorde meg oppmerksom på kjendispartyet: -Du e klar over at Jan Thomas står i kantinekø, ja? Og eg strekk på halsen. Han var lavare enn eg trudde.
Då eg kom seilande inn på trikken på veg heim i dag etter skulen, satt Christer Falck der. Eg sat meg ved sida hans og hadde håpa på ein samtale, men han las berre på dokument på Macen sin. Kjedeleg kar.

No er eg heime, og eg må vere praktisk, lur og smart. I morgon stikk eg heim for jula, og eg har ein liten raud koffert å få livet mitt inn i. Og store julegåver.
No er den stappa full, og eg har enno ikkje hatt oppi sminke, ytterklede eller sko. Det er dette eg kaller krise.



For å roe meg ned høyrer eg på ei juleplate av Celin Dion, men ho gjer meg ikkje særleg klokare.

Eg treng tips til korleis pakke smart. Dette kan ende i store overvektsgebyr.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits