I julen fører alle veier hjem





Det er heilt tåpeleg å vakne kl. 03.48 på natta og ikkje greie å sove igjen fordi ein gler seg slikt il å feire jul med familie og vener. Men joda, eg har våken sidan 03.48 og venta på at klokka skulle bli 06.00, så eg kunne byrje morgonene med god tid. No er ho 06.07, eg er våken men likevel trøytt, men det er umogleg å sove. Eg er som ein liten unge når det er jul.

Etter fantastiske måneder her i Oslo stikk eg no heim, heim til familie og venner, den gløymsome katten vår, køysenga i Fræna som eg må sove i då lillebror har tatt over jenterommet mitt, heim til fult kjøleskåp og sandnøtter, til litt varmare julevèr (håpar eg) og lukta av grønsåpe. Satsar eg på.

Eg kom til å tenkje på at eg har aldri vore heimanifrå i over to månader før, av den enkle grunn at eg har budd heime fram til i haust. Men no skal eg altså heim til jul. For fyrste gong. Men ikkje siste.

Skjørtet er på, kofferten er pakka, julegåvene er skvisa og eg må tette hol i strømpebuksa før eg kjem meg på flyet.

Eg rekk i alle fall flyet, det er jo ein fin ting med å stå opp tidleg.

 

 

Eg er heldig som kan glede meg til å feire jul. Eg håper alle er like heldig som meg.

Én kommentar

.:*:. Miss Nerland .:*:.

21.12.2010 kl.13:18

Det er koslig å komme hjem til jul uansett skal jeg fortelle deg..

Jeg kommer nok en tur innom i romjula antagelig før eller etter jobb:)

Skriv en ny kommentar

hits