2010 var det året

Eg kjøpte mange skjørt

fekk 6 i naturfag

fraus

mottok advarsler frå pappa ang bilbruk


åt kake og drakk te kvar helg


lauste verdsproblem med Monica over ein kopp te


fekk min fyrste treningstights

permanerte Dea

handla på vintage


trengte nye vintersko


hadde venninner på besøk

kjøpte sauen min Shaun


var på tallause festar

stod opp i tide og utide


hang med venninner til langt på natt


åt utrlueg mat

hadde Mia på besøk

hang med dei eg er glad i


åt alt for mange Sitting Bull

designa russeavisa til skulen

drakk te med Ingeborg

var flink student som las til kvar prøve


var lei av å vere flink student og lese til kvar prøve

var ærleg med syster I Trondheim når ho lurte på kvifor eg alltid reiste til Trondheim i frihelgene mine

blei ein betre kokk


drakk Burn kvar fredag

hadde huset fult av fine folk

reiste til Trondheim med Dea og Linda på tre timers forvarsel for å få hjelp av syster til matteinnlevering, og som vi fekk i hamn tre timer etter studering, 4 timer i bil og med mykje sukker

gjekk frå busshaldeplassen og heim tusen gonger

byrja på bøker eg aldri fullførte

besøkte vener

brukte sjeldan bukse

naut sola når den stakk seg fram

las yndlingsboka mi


baka mat med Monica

lærte meg poker (som eg har gløymd igjen)


filosoferte

besøkte Mia

var kvitast av alle

brukte shorts med svarte strømpebukser fordi eg var kvitast av alle

kosa meg på skulen

kjøpte bord og stolar berre fordi det var så fint og eg skal ha dei i mi eiga leilighet ein dag

blei kjend med nye smakar

tenkte på livet med vener

flira med dei som flira


overlevde i 17 dager i same bukse

var overlukkeleg over å kunne ha skjørt igjen

kom opp i matteeksamen

kjøpte skinnveske til 40 kr

fekk pynta Golfen min

var lukkeleg på tross av alt som skjedde og lot ikkje omstendighetene styre

fekk tak i mitt andre par av Zodiaco

festa i hagen

hang med dei finaste jentene

ville reise og berre oppleve

brukte høge hæler

Flytta til Oslo og forsørga meg sjølv

kom meg på plass i Sinsen

hadde godt system dei tre fyrste dagane


byrja på Troens Bevis Bibel- og Misjonsistitutt, det smartaste eg nokon gong har gjort

og var på klassetur til Sarons Dal


prøvde å bli vand med bukse

hadde lukusmiddagar som student med jentene

grein i bryllaup

greide ikkje å bli vand med bukse

var lukkeleg som Oslo-borgar

skremde ein kristen gud på t-banen fordi eg hadde gaffel rundt halsen, og eg skulle på haloweenparty

fekk jobb på verdas finaste butikk for klede og interiør; Dorothea

drøymde om Paris

og reiste til Paris


fekk superundertøy i posten då det var -20 i Oslo konstand under vintertida

blei kjent med hundre nye folk

byrja med underkjoler

hadde fine sundagsfrukostar

tok banen fleire gonger om dagen og takker Gud for at det finnes noko så fantastisk som ein bane som går kvart 15. minutt



 

...og slik kunne eg fortsett 700 bilder til. Men det er nok no. Dette var litt av 2010. No kjem 2011.

Det skal bli endå betre, og enda meir fantastisk. Det skal godt gjeras at 2011 blir betre då 2010 var ubeskriveleg. Men alt kan alltids bli betre. Så då går eg for det.

Godt nytt år.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits