Bittelitt

Det er lille juleaften, det er snø ute, rotete inne, kaldt ute, varmt inne, vasking, cafè og besøk på timeplana.

Då eg vakna i morges, tenkte eg: Benedicte. Det er lille juleaften i dag. I morgon er det juleaften. Og du har mykje å rekke på eit døgn.

Så sovna eg igjen.

 

Som om eg ikkje har nok å tenkje på, gløymde eg italiajakka mi i Oslo for jula. No heng den i skåpet på Sinsen, og ligg ikkje i en haug i kofferten min i Fræna. Jaja. Då får eg finne noko anna å ha på meg, då. Høyrer eg ein GOD grunn til å dra på shopping i dag?





Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits