Glansbilete

Eg blomer om dagen. Til sinns og til leggs.
Det skjer berre så mykje i livet mitt. Gode, fine ting, og skal eg ramse opp alt, så kan eg bli sittande i fleire timer, eg har jo vunne verdslotteriet, eg bur i Noreg og går på TBBMI og skriv i magasin og jobber med klede og har gode vener og akkurat nok peng til hamburgerrygg på skeva.

Dog min gode kvardag, greier eg ikkje å bestemme meg for kva slags sko eg skal bruke.

Vi har alle vårt å stri med.



Glansbiletestrømpebuksene fann eg på HM, og eg hyla når eg såg dei, og Rayo som var med på HM hyla også. Han likte dei ikkje. Det gjorde eg.

Eg er glad eg sjeldent høyrer på kva andre seier. I alle fall Rayo. Vi deler ikkje same smak på noko. Berre på livet.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits