Glow








Eg skal prøve å glitre
så du kan skinne

 

 

I det siste har eg lest ærlege tekster av store bloggere som skriv om korleis livet eigentleg er, kva livet eigentleg har bydd dei til no og kva dei eigentleg føler. Det er viktig å være ærleg. Det er viktig å stå fram å vere sann og vise at livet har fleire farger. For slik er det. Ikkje alle timane er like fyld av fyrverkeri. Eller brownies.

Ein gong kalte eg meg realist, og då fekk eg til svar av realister var pessimister. Så eg slutta med det, og gjer eit tappert forsøk på å vere optimist. Eg er den evige romantikaren som trur på kjærleik ved fyrste blikk, familiebil med 7-seter, høge hæler som møter svarte herresko, kanskje ikkje så mykje penger på kortet, men lukke i sjela, fred i hjarte, floker i håret, halvlange negler.

Livet er ein karusell til tider. Det går opp og ned, hit og dit, ein kan flire og vere kvalm. Men eg trur det gjelder å nyte reisa når ein kan, ein har berre ein billett. Og då skal eg prøve å få mest mogleg gode opplevelser ut av han.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits