I de sene nattetimer

Eg må berre innsjå det: eg har blitt ein av desse menneska med skule, skule, arbeid, arbeid, arbeid, arbeid. Fredag var eg i seng kl. 00 etter sju timer på arbeid og nudler til nattmat, og i går kveld kom eg heim etter 8 timer på arbeid, etterfult av ein tur på Rimi som endte i fire enorme handlenett med hermetisk mat (alt eg rekk om dagen er å varme opp boksmat) og omsegning i senga kl. 21. På ein laurdagskveld.
Då eg våkna kl. 00.00, var det berre ein ting som stod i hovudet mitt: hermetisk lapskaus. Og raudbrus. Eg er superkvinna som gjer alt her i denne verda. Det er unnskuldning nok til å forsvare dei rare handlingane mine.

Så blei det lapskaus oppvarma i kjele og raudbrus på glas, då. Og no når klokka er 01.52, tenkjer eg at eg burde få orden på soverommet og på timeplana mi, eg treng tid til svevn og matlaging, men eg har ikkje tid, det finnes berre 24 timer, hadde det vore mogleg å kjøpe tid hadde eg tatt frå stipendet mitt og invistert i 25 timer i døgnet så eg kunne vore litt meir sosial. Eg er sosial, men ikkje i nærheten av det eg har lyst til å vere. Eg var skjemd vekk med å ikkje jobbe meir enn 10 timer i veka i tillegg til skulen mellom hausten og jula. Men no og fram til sumaren kjem eg til å gå på skule og ha mellom 20 og 30 timer med arbeid kvar veke, då JesusKvinner og Dorothea står sterkt på plana. Eg seier til meg sjølv at eg ikkje må gløyme at eg går skule.
Eg har ganske mykje å gjer dette året, ein ting er all jobbinga, men eg er student, venninne, medmenneske og treng tid til mitt. I tillegg til at eg pendler og treng 50 minutt kvar veg heim og til Dorotha-arbeid to-tre gonger i veka. Men hey, eg greier meg. Eg blir kanskje ikkje veras mest sosiale menneske, men eg blir halvrik og stuptrøytt. Det er då noko.





2 kommentarer

Nina ilaha =)

23.01.2011 kl.02:17

så nydelige bilder :)

Stine

23.01.2011 kl.02:20

Så fin kjole! digget otufiten ! :)

Skriv en ny kommentar

hits