Thoughts.

Eg får sånn ondt i magen og press i hovudet og treige blodårer når eg tenkjer på alt eg burde tenkje på, men som eg ikkje tek meg tid til å reflektere over, slik kva eg skal gjere vidare i livet, kvar eg skal sove i sumar når eg ikkje har leilighet, men må jobbe mange mange timer kvar dag, kvar eg skal studere og om eg kanskje må forlate store fine Oslo til hausten fordi eg sakner for mykje eller fordi eg skal studere noko stort ein anna plass enn i Oslo, om korleis eg skal få råd til pålegg som ikkje smaker papp, og når eg skal få tid til å gå og kjøpe pålegg som ikkje smaker papp, når busskortet går ut og eg må få tak i 800 nye kroner for å kome meg fram og tilbake her i verda, og eg spør meg sjølv om eg går framover, om eg står på pause eller om eg rett og slett går i fortida for å finne svar på korleis eg fann svar på spørsmåla som hoper seg opp når eg byrjer å tenkje på alt eg burde tenkje på, men eg tek meg ikkje tid, eg gjer sjeldan det, eg filosoferer og let tankane forsvinne blandt rosa sengesett med engelsk borderi og Hugo Parfyme, ikkje om eg let tanker knekke meg, eg skal opp og fram, eg skal studere det eg vil og bu der eg vil og bli det eg vil og det einaste som kan stoppe meg er mine eigne begrensninger som kjem om eg tenkjer for mykje, dessutan kan eg ha ein god del tru på meg sjølv til tider, og det er betre enn ein tanke om at eg ikkje greier noko, nei, slutt å tenkje jente, så eg bestemmer meg for å filosofere og dagdrøyme videre, og kaste tankane igjennom veggen og ut blandt Oslos gater, så dei kan gå til nokon andre som ikkje tenkjer i det heile tatt så dei i alle fall kan byrje å tenkje litt.









Eg trur at eit av mine talent er at eg tenkjer ikkje om eg ikkje sjølv vil. Det betyr ikkje at eg ikkje burde eller må. Tenkjer eg.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits