Skjør i skjørt



Ei jente er aldri så sterk at ho ikkje kan vere svak. Eg har mine svake sider. Som at eg alltid mister sokkane mine. Eller at eg ikkje kan ha macen oppe under skuletimen, då sit eg berre på nettet. Eg får vondt om eg mister noko på tærne mine eller nokon luggar meg.

Store jenter gret ikkje, sei nokon. Det skal mykje til for at eg grin. Men når eg fyrst gjer det, så er det ekte. Og det er det som er det viktige. Å vere ekte. Å vise at ein er svak om ein er svak, og sterk om ein er sterk. Eg prøver.

Én kommentar

Eli Joy

22.06.2011 kl.12:29

bra sagt :-)

Skriv en ny kommentar

hits