Baby, it´s cold in my soul.



Min norske Vinter er saa vakker;
De hvide sneebedækte Bakker,
Og grønne Gran med puddret Haar,
Og trofast Iis paa dybe Vande,
Og Engledragt paa nøgne Strande;
Jeg bytter neppe mod en Vaar.

 

Johan Nordahl Brun skriv i diktet sitt "Den norske Vinter" at han vil neppe bytte vinteren mot ein vår. Vel, nett no er eg ganske så uenig. Det har vore så kaldt i Oslo sidan november at eg vurderte å gå i dvale i slutten av novembermånaden. Men eg valde å bli oppe og oppleve livet som dei fleste andre her i verda, men no er det nok. No treng eg sol, plussgrader i kinna og ferie. Ein retreat frå vinteren, rett og slett.

Hadde vèret berre vore på mi side, hadde eg berre kunne gått i opne skor og hatt tynn tynn jakke med sumarkjole under, hadde eg berre hatt blomer i håret og is i handa, hadde eg berre. Det er lett å seie at ting er betre når sola skin, men det treng ikkje å vere slik. Eg har det bra i kulda. Men nett no har det vore litt for kaldt litt for lenge. Eg synes ikkje det er så mykje å be om ein tidleg vår, eg. Eg har jo snart slete ut alle vinterskoa mine. Og då er det på tide med klimakifte.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits