Rêveur

Nett no sit eg på JK-kontoret og sakner Paris.

I dag fekk bilete frå turen eg og Malen hadde til Paris i slutten av november, og eg har klump i halsen, det er ikkje så ofte eg får det, men når eg tenkjer på Paris så kjem han, det er nett som å sakne ein person, berre at dette er ein by, dette er ein stad, ein så utrolig fin og fantastisk plass at eg berre må tilbake, eg må tilbake til kjenslene, lukta, folka, språket, plassane, maten, samtalane, cafeane, alt.

Men alt har si tid. No er eg i Oslo, og gjer draumen min her: går bibelskule, jobber i damemagasin og klesbutikk. Ein dag er eg tilbake til Paris igjen, kanskje berre for nokre dager, men nok til å fylle Pariskvota for ei stund. Eg må tilbake igjen. Forhåpentligvis snart.

Fokuser, Benedicte. Tilbake til arbeid.

Én kommentar

ingeborg

01.02.2011 kl.23:40

innkjøring forbudt.

Skriv en ny kommentar

hits