H to the elg
No er det helg. Det blei helg kl 19.00 i dag, då ramla eg inn døra på Sinsen etter jobb og lukta tacosuppe og nystekte rundtstykke. Fine, gode, vakre, husmoremne-Solveig laga middag i kveld. Å. Nokon gonger vil ein berre klemme folk flat som ein tallerken fordi dei er så gode.
No er eg mett. Utruleg mett. Og det er helg. Eg kan sove lenge i morgon, kjære Gud, la meg sove lenge i morgon.
No skal eg nyte laurdagskvelden, helga mi med koseklede, te, sjokolade og fine samtaler. Livet er godt, folkens. Tenk at ein kan vere så glad for å ha nokre ledige timer til ingenting.