Dots.

Berre å vakne ein laurdagsmorgon eg har fri, livredd for å opne augene for å sleppe inn sollys, livredd for å sjå på mobilen kva klokka er og oppdage at ho berre er 06.00, og eg ikkje greier å sove lengre, gjorde at eg unngjekk å sjå på klokka i fem minutter. Men til slutt tok eg motet til meg, eg sa til meg sjølv at "det kan jo hende klokka er 09.00 og at kroppen min har greidd å sove litt ekstra", så eg såg på mobilen, og klokka lyste mot meg: 11.45. Eg har sove i over 11 timer i natt. Høyrer eg personleg rekord?

 

Wow. Så då spratt eg ut av senga, jublande og nøgd, laga meg prinsessefrukost og feira at eg for fyrste gong på lenge har sove, eg har verkeleg fått svevn i kroppen, og eg har fri, fri, fri, ikkje skal eg arbeide, men eg skal nyte laurdagen med folk eg er glad i, og leiligheta er rein, ja, du høyrde meg rett, SINSEN ER REIN, eg var ferdig med vaskinga kl. 00.15 i natt, og no er det laurdag, sola skin og eg har hatt den mest avslappande morgonen på mange måneder.







Oh my. It´s Saturday I´m in love.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits