Moder

Då det var farsdag, skreiv eg noko til pappa. No er det morsdag. Då kan eg skrive noko til mamma.



Mamma er ei sånn dame som er superwoman. Ho skreller potetene før kvar middag, ho bretter håndkleda likt og baker boller med lue for å ikkje få hår i maten. Utan mamma og matarven ho har gitt meg, hadde eg vore 50 kg lettare. Men eg bærer ikkje nag over det. Mat er viktig. Det har mamma forstått.

-I vil ha æn hæm og ikkje æn interiørkatalog, seier mamma når ho setter nye potteplanter i vindauga, kjøper limegrøne puter som ikkje passer inn nokon plass og heng englar i gardina. Det beste ho veit er å få massasje av borna eller blomer med pappa, men vi borna er dårleg på å massere og pappa er ikkje så flink til å hugse blomar, men mamma elskar oss lell, og vil berre ha mann og born heime, slik at ho kan seie når alle sit ved kjøkenbordet: "ÅÅÅ! No sett vi her, hæle gjengen og det e lenge sia sist!" også sprett ho opp av bordet og set på tekjelen til pappa, henter kake ut frå kjøleskåpen og seier "Takk Jesus" mens ho ber Edward gå og hente sukkeret til tekoppen til pappa som står på stova. Eg har ofte sett på mamma og lurt på kva løyndomen hennar er. Korleis ho kan vere så sterk, så elskande og brysom. Eg har liksom aldri møtt ei som mamma. Ho er så stø, samstundes som ho kan tøye seg.

Kjære vene. Er det normalt å få tårer i augo når ein skriv om mor si?

Frå dagbøkene mine i 7.klasse kan eg lese at eg ville bli ei sånn mor og kone som mamma er. Ho er litt av eit førebilete, og det å strekke seg etter ho er verre enn å hoppe etter Wirkola, tross i at eg aldri har prøvd meg på vintersport. Alle småtinga som ein så lett tar forgjeves er slike ting ein ser så sterkt i ettertid, laurdagsmorgonane eg vakna og mamma hadde vore på butikken og handla hamburgerrygg, fine rundstygger og sjokolademelk, for ho visste at eg likte det så godt, alle timane ho haldt meg i handa når eg grein og hadde mareritt, alle dei hundre gongane ho har sått og venta på meg når eg har vore på pianotimer, alle køyreturane ho har køyrd for å ta meg med til venninner, til der ting skjer fordi mamma ville at eg skulle trives og ha det kjekt, alle samtalene vi har hatt, mamma med kaffekoppen, eg med tekoppen, kake på bordet og mamma ber og siterer bibelvers og eg tenkjer at den arven mamma har gjett meg skal eg ikkje ta for gitt, greier eg å vere halvparten av ho så må eg vere nøgd, då må mannen min vere saleg og borna mine kjem til å greie seg godt.
Eg trur ikkje det er tilfeldig at både eg og syster og bror min kan vere så sikre på seg sjølv som vi er. Vi har vekst opp med ei mor og ein far som har sett oss og som bryr seg. Eg håper at alle har vore like velsigna som eg. Eg har ikkje gjort noko for å få det så godt som eg har fått det, alt er nåde. Og det er nett det eg føler mamma er: ho er meir enn eg fortjener. Men eg tek imot det. Og er evig takknemmleg og skuldeg for å streve etter å føre kjærleiken eg har opplevd videre.

 

No kom Kamilla inn og sa at augo mine blir fin når eg grin.
Gratulere med morsdagen, mamma. Håper pappa gjer deg blomer, og at Edward kan forsøke skuldermassasje. Eg sender heilage kyss frå Oslo.

6 kommentarer

Ingvild

13.02.2011 kl.18:55

Du har en utrolig fin blogg!

Victoria (hun som brakk armen på sommerteam)

13.02.2011 kl.20:33

Jeg så jo henne i helga i Særp! Virker som en skikkelig herlig dame! Jeg hengte med trion fra Zion og Monica :) Fræna-gjengen :)

Maria

14.02.2011 kl.08:24

nydelig skrevet, Benedicte!! :D

laurine

14.02.2011 kl.15:12

Aww! Så fint skrevet! :) Happy valentines day!!

Susanne :)

14.02.2011 kl.15:20

Åååå, så koselig! :)

Ida

14.02.2011 kl.15:52

Åh! Ble helt rørt, jeg.

Skriv en ny kommentar

hits