Ok, I´ll be your Valentine

I dag hadde eg avtalt studiedate med Malen, vi skal finne ut kva vi skal bli når vi blir sto i kveldr, fann vi ut, i dag. Ja. Så då skulle Malen på middag til meg. Men under dagens skoshopping (nei eg kjøpte ingen sko, men det er lov å prøve) sutra Nathan over at han ikkje var i Frankrike i dag og feira kjærleiksdagen 14.februar der.

-Oh. It´s so sad. I would party tonight if I where in France!
-Well. Ja. Valentines is not SO big in Norway.
-Oh. It is valentines. And I am not celebrating.

TYPISK FRANSKMENN. Så då inviterte eg han til meg og Malen sin studiemiddag, som blei forvandla til valentinesmiddag over eit halvt sekund. Alt eg gjer for at Nathan skal føle seg litt fransk. Også kjem Ida Marie, så då vi har to sørlendinger, ein franskmann og ein frening ved middagsbordet. Det blir bra. Eg har til og med laga pavolatertebotn, så det blir maregnskake til dessert. Ida Marie kjem med fløten så det blir krem på kaka. Og Nathan sprudla opp og sa han ville ha med seg hjartedekorasjoner. Franskmenn. Men eg skal ikkje klage. Godt selskap er fint uansett, 14.februar eller ikkje.

Eg fekk i alle fall endeleg brukt opp den raude julepapiret mitt til hjarter.





Også har eg kokt nok pasta og pastasaus til ein heil arme. Om nokon er hugry for pasta, så kom til Sinsen. Eg veit ikkje kor mykje love det blir, nemleg.


Ha ein nydeleg valentines. Eg skal kose meg med gode, kjærlege vener tross det er ingen raude roser på bordet. Det blir ein anna gong.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits