Her kiss was a question he wanted to spend his whole life answering



Eg sakner Andrea så mykje at eg har lova meg sjølv å klemme ho til ho får blåflekk neste gong eg møter ho, slik at ho har eit minne om meg til neste gong vi møtes, for neste gong, nesten gong eg ser det ljose håret til Andrea og eg kjenner lukta av kokosparfyme, så er det sikkert ikkje så lenge til eg får sjå ho neste gong der igjen, for no er Andrea på Fijiøyene og misjonær der, men snart, snart håper eg, så er vi saman igjen og ho kan snakke om palmetre og eg om Oslolukt, også er vi tilbake til der vi slapp, til guter og hår og permanent og blomekjoler.

I vinterferien skal eg køyre forbi huset til Andrea, og det vil bli så rart å tenkje at ho ikkje er i huset sitt, men på andre sida av kloden og gjer godt der.

 

Andrea. Kom heim snart. Det er flott du er misjonær. Men nett no er du fjern for meg. Men å, så nær i hjarte.

Én kommentar

dea<3

10.03.2011 kl.11:32

Hei,blir helt rort her i sitt i Fiji og savna d au!vi he saa mykje aa ta igjen.Men samtidig e vi i hjerta til hverandre <3 i vet ikkje kor mange gonge i he nevnt navnet ditt til folk der i e og he fortalt historiaa:)i ble nesten gifta vekk utpaa sa oyen her.Saa no e d vel paa tide aa komme hjem snart:)Mitt nye navn i fiji e Andy men d e vel ikkje et ukjent navn fer d:)kjempe klem t d benedicte mi!gleda me t i kan gi den klemmen i virkeligheten:)

Skriv en ny kommentar

hits