Keep looking down.

Eg låser døra
i Oslo kan ein til og med låse vindauge.

Eg skal ikkje sjå ut før om nokre timer
Då er verda trygg igjen.







Mamelukker gjer ein ikkje lukkeleg. I tilfelle nokon lurte.

Det gjer ikkje eit 8 kvm soverom fullstappa med klede heller. Fem skohyller med sko. Fult matskåp. Stipend og lønn, Paris, brownies, eg kan liste opp alt eg har og alt eg liker og likevel er det ikkje nok, eg er ikkje storforlangende, eg er berre eit menneske med eva nedlagt i hjarte, eg må vete, eg må leve, eg må eksistere for noko større. Og det er det eg gjer. Og eg kan vere lukkeleg.

Så er omstendighetane som dei er, fantastisk, og mindre fantastisk. Opp opp opp opp og litt ned, opp.
-Keep looking down, sa ein lærar på skulen her om dagen. Han meiner at vi skal sjå på oss sjølv som eit folk som sit på toppen med alt nedlagt under våre føter, sigeren er vunne. Då må vi sjå nedover, for det er ingenting over. Vi kriger nedover, og ikkje oppover. Det er lettare, til og med.

Eg snakker i koder. Tenkjer i koder. Skriv i koder.
Livet er meir spanande når ein held det innerste hjå seg sjølv i det innerste ein har.


Nå ser vi i et speil, i en gåte,
da skal vi se ansikt til ansikt.
Nå forstår jeg stykkevis,
da skal jeg erkjenne fullt ut, slik Gud kjenner meg fullt ut.

1.Kor 13;12

 

Eg blir ikkje heilt klok på meg sjølv. Eg prøver å høyre minst mogleg på meg sjølv, og heller bli leda. Eg nekter å vere ei bølge som går fram og tilbake. Men eg er ei dårleg festning.
Tida får bygge meg til den eg skal vere.

Nett no skal eg vere den eg er.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits